Tilkomst
Ta av E39 mot Valevåg rett før ein køyrar inn i Bømlafjordtunnelen. Følg vegen ca 1 km til ein ser ein gjerdeklyver i høgre vegkant. Parkering langs vegen.
Tur
Gå over gjerdeklyveren og følg god skogsvegen oppover. Etter ein liten sund så kjem ein til eit gjerde som går over vegen. Følg vegen vidare. Det flatar ut litt etter dette gjerd og vegen blir av litt dårlegare, men forsetter oppover. Følg vegen til endes og følg stien ned på myra og tvers over dalen. Ein skal opp bakken på andre siden av dalen (ikkje følg dalen innover mot vatnet).
På toppen av den bratte bakken kjem det ein liten flate og etterkvart kraftlinjegata. Følg denne linja opp Vassdalen. I skaret på toppen så kan ein ta til venstre opp mot toppen.
Kart
Turstatistikk og fil
- Lengde: 2,9 km ein veg
- Toppunkt: 400 moh
- Startpunkt: 55 moh
- Stigning: 363 m
- Fall: 19 m
Comments are closed