Tilkomst

Kjør E134 til Kyrping og parker ved bensinstasjonen.

Tur

Gå over E134 og følg traktorvegen oppover. Når ein kjem til ein grind så skal ein forsette vidare rett fram og igjennom ein ny grind. Når ein er komme igjennom den andre grinda så skal ein snart ta av til venstre frå traktorvegen. Er litt ulent til ein kjem inn på hovudstien igjen. Følg stien til ein kjem opp på ryggen. Her går det sti bort til T-merka sti til venstre og bort til nuten til høgre.

Alternativ Tur

Kan følgja traktorvegen til endes og frå der ta sti tilbake langs ryggen bort til nuten.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 1,6 km ein veg
  • Toppunkt: 454 moh
  • Startpunkt: 146 moh
  • Stigning: 311 m
  • Fall: 3 m

Categories:

Comments are closed