Tilkomst
Ta av E134 i Etne sentrum og kjør vidare mot Skånevik. Når ein kjem til Mortveit parker med hovudvegen ved busstopp. Det står ein kvitmalt sykkel der ein skal stoppa.
Tur
Start med å gå på traktorveg. Følg traktorvegen rundt Mortveitvatnet og vidare. Etter ein liten motbakke kjem ein til eit kryss. Følg traktorvegen som går til venstre. Etter nokre hundre meter så kjem det eit skilt mot Kyrkjesteinen. Følg så godt synleg sti heilt fram til steinen.
Kart
Turstatistikk og fil
- Lengde: 2,9 km ein veg
- Sluttpunkt: 450 moh
- Startpunkt: 34 moh
- Stigning: 427 m
- Fall: 15 m
Comments are closed