Farande Fant for Klypetussen i 2014

Tilkomst

Kjør på E134 til du kjem til 50km/t etter Håfoss. Då tek du av over brua og kjører Kvamsvegen til endes. Etter kvart går vegen over til grusvei. Litt etterpå kjem du til avgiftsbelagt veg. Der er det eit stativ kor ein betaler vegavgifta. Så kan ein kjøra vegen heilt til ein kjem til bommen.

Tur

Turen starter med å gå vegen til endes. Her er det ein grind som ein skal igjennom og forsetta igjennom skogen og inn skaret. Når ein er komme igjen skaret så er det ein ny grind. Då skal ein følgja stien som går til venstre og følgja den forbi Kvamstølen og vidare opp bakken. På toppen av bakken svingar stien til høgre og går rundt to små tjødnar. Når ein er komme der så har ein toppen meir eller mindre rett fram så det er bare å ta seg opp til toppen.

Denne toppen kan tas i samanheng med Nordfjellet.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 5,1 km ein veg
  • Toppunkt: 809 moh
  • Startpunkt: 356 moh
  • Stigning: 456 m
  • Fall: 3 m

Categories:

Comments are closed