Tilkomst

Ta av E134 og kjør til Skånevik. Ta av inn på Åsheimvegen og kjør den nesten til endes. Når ein kjem opp ein bratt bakke er det kommunal parkering.

Tur

Gå vidare oppover traktorvegen. Når ein kjem opp til forbi Valdra går skogsvegen over til sti. Følg stien vidare innover dalen. Juraskarskjerringa ligg oppå ryggen i enden av dalen.

Alternativ Tur

Denne turen kan også tas som ein rundtur via Strondahaugane og følgja ryggen oppover mot Håfjellet. Når ein er komme nesten opp er det ein plass der stien tek til venstre mens det er ein dal som går rett fram. Då skal ein følgja dalen og ta seg ned i dalen. Dette stykke er stien ikkje så synleg som det har vore tidlegare. Når ein kjem frampå ser ein Kjerringa og stien opp til den.

Denne kan også tas i samband med Nesestølen og Håfjellet og gå ned til Skånevik via Strondahaugane.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 5,1 km ein veg
  • Sluttpunkt: 708 moh
  • Startpunkt: 107 moh
  • Stigning: 609 m
  • Fall: 8 m
  • Lengde: 6,6 km ein veg
  • Sluttpunkt: 708 moh
  • Startpunkt: 107 moh
  • Stigning: 783 m
  • Fall: 198 m

Categories:

Comments are closed