Farande Fant for Klypetussen i 1996 & 2017
Tilkomst
Kjør E134 og sving av mot Skånevik i Stordalen. Kjør opp bakkane og når det flater ut så er det parkering på austsida av vegen.
Tur
Stien går opp på vestsida av vegen til Skånevik. Stien er lett å følgja frå starten av, men det er ein del blaute parti fram til ein kjem til Nesestølen. Når ein går i frå Nesestølen så skal ein følgja bekkedalen vidare oppover mot toppen. Etter kvart må ein ta seg over bekken og opp til toppen. Siste delen kan det vera parti kor stiar ikkje er godt synlegt.
Kart
Turstatistikk og fil
- Lengde: 3,4 km ein veg
- Toppunkt: 788 moh
- Startpunkt: 338 moh
- Stigning: 470 m
- Fall: 17 m
Comments are closed