Farande Fant Klypetussen i 1995

Tilkomst

Køyr på E134 til du kjem til 50km/t etter Håfoss. Då tek du av over brua og kjører Kvamsvegen til endes. Etter kvart går vegen over til grusveg. Litt etterpå kjem du til avgiftsbelagt veg. Der er det eit stativ kor ein betaler vegavgifta. Så kan ein køyra vegen heilt til ein kjem til bommen.

Tur

Turen starter med å gå vegen til endes. Her er det ein grind som ein skal igjennom og forsetta igjennom skogen og inn skaret. Når ein er komme igjen skaret så er det ein ny grind. Forsett vidare på stien som går over bekken og vidare mot Djupevatnet.

Før ein går ned til Djupevatnet så kan ein ta opp lia til høgre opp mot toppen. Ein vil komma opp til T-merka sti. Følg denne mot Løkjesvatnethytta. Før ein kjem til Austmannavatnet så tek ein av turistvegen og følg liten dal nordover. Etter at ein har passert ein tjørn så går det ein liten dal mot høgre. Følg denne så får du toppen litt til høgre for deg etter kvart.

Kart

Turstatistikk og fil

  • Lengde: 4,7 km ein veg
  • Toppunkt: 901 moh
  • Startpunkt: 316 moh
  • Stigning: 630
  • Fall: 40 m

Categories:

Comments are closed