Tilkomst
Ta av E134 mot Litledalen og vidare mot Håland og opp til Kritle. Husk å betal parkeringsavgifta.
Tur
Følg anleggsvegen frå Kritle til ein har komme forbi Mørkavatnet. Då har ein Vio rett til venstre for deg. Det er ein bratt bakke kor det er fleire plasser kor ein kan gå opp. Når ein er komme opp skåra så flater det ut og det er greitt å gå.
Alternativ Tur
Ein kan også ta turen via Grindheimsstølen. Men denne vegen har eg ikkje gått ennå.
Ein kan også gå den i samanheng med Grindheimsnuten. Her har ein moglegheit til å gå mellom Jordavatna eller ein kan gå rundt med Kvannenuten og bort til T-merka sti.
Kart
Turstatistikk og fil
- Lengde: 9,0 km ein veg
- Toppunkt: 883 moh
- Startpunkt: 474 moh
- Stigning: 684 m
- Fall: 288 m
Comments are closed