Tilkomst
Ta av E134 i Isvik og følg vegen til ein tar av til Bjordal. Kjør vegen til endes og parker med Bjordalstunet. Husk parkeringsavgift.
Tur
Følg vegen vidare og ta til høgre før tunet. Gå ned bakken og over brua. Ta til venstre med det same og følg denne vegen heile vegen opp til Longåsdalsvatnet. Rett før vatnet tar av til høgre inn på ein anna skogveg som går på sørsida av vatnet. Følg denne vegen vidare fordi Paddetjørna. Litt etterpå så kjem står det skilt til kor ein tar av mot Vassnuten. Her går ein over på sti. Etter ca 800 meter så kan ein ta av til vestre opp mot toppen. Går ein beint her så går ein mot Langåsdalen igjen. Nesten av stien forsetter oppover mot toppen.
Alternativ Tur
Følg vegen vidare og ta til høgre før tunet. Gå ned bakken og over brua. Ta til venstre med det same og følg denne vegen heile vegen opp til Longåsdalsvatnet. Rett før vatnet ta til venstre og følg Longåsvatnet på nordsida. Når ein har passert vatnet og går vidare opp dalen. Etter kvart kjem det skilt til Vassnuten. Her er det ein bratt bakke, men når ein komme opp den så går det slakt heile vegen til toppen. Noko før toppen treff ein den andre stien. Har ikkje gått lang vatnet så det er ikkje spor på denne turen.
Kart
Turstatistikk og fil
- Lengde: 4,5 km ein veg
- Sluttpunkt: 461 moh
- Startpunkt: 123 moh
- Stigning: 386 m
- Fall: 47 m
Comments are closed